Eg har gått ein tur i kveld, denne første kvelden heime.  På vegen kjende eg brått ei lukt som eg ikkje heilt kunne setje fingeren på. Eg tok eit ekstra andedrag, og lukta var så god at eg gløymde heilt at eg måtte hugse å puste utover også. Eg sniffa og snusa og smilte for meg sjølv. Det lukta hegg og gras og blomar og sol og varm asfalt som har vorte litt kald igjen, og eit snev av sau. Det lukta bygdesommar, og det må vere den beste lukta eg veit om. Eg håper eg aldri gløymer å setje pris på den lukta. Eg trur faktisk eg strekkjer meg så langt at eg kallar det ei duft.

Eg trur eg har vorte litt inspirert igjen. Det er bra. Då vert det kanskje ei og anna bloggoppdatering i løpet av sommaren.