Det er Valentinsdagen sjølv i dag. I bupelen min er det ein person, og det er meg. Det burde kanskje vere litt trist, men det er i grunnen litt godt. Eg har hatt vitjing i helga, så eg har ikkje vore så frykteleg einsam. Me har handla og ete god mat, sett kjekke folk og vore på kino. To single jenter såg Valentine`s day, der alle dei kjekkaste mennene er samla på eit brett. Det vart litt fnising, for å vere heilt ærleg. Kjekt! Men no er Solfrid reist, og eg sit att åleine. Snufs.

Det er morsdagen også. Mi mor svarte ikkje då eg prøvde å ringje, men gratulerer med dagen mammis!

Veka som er over har gått med til teikning av sjølvportrett (det er jo i grunnen ei historie for seg sjølv, men eg tek ikkje den her og no), og skikurs frå onsdag til fredag. Eg kan ikkje seie eg lærte frykteleg mykje på det kurset, men det var ein kjekk tur. Sosialt og fint. No står ei ny veke for tur. Ei vanleg, ordinær skuleveke, den første etter jul. Kanskje det vert greitt, eg veit ikkje. Eg har i grunnen gløymt korleis det var. Det som derimot er heilt sikkert, er at det berre er to slike veker att før eg skal heimatt ein tur. Studieveke kallar dei det, så gjenstår det berre å sjå kor mykje studering det vert. Hurra for det!

Det var dagens oppdatering. Eg er må pakke ut og vaske kle, men eg har ikkje støv lyst. Det kan hende det ikkje skjer i kveld. Kjenner eg meg rett.

Jepp! God veke til alle der ute!