Siri i livet


Pause
februar 2, 2010, 5:47 pm
Lagra i: Uncategorized

Det er pedagogikk det går i. Piaget og Vygotskij, Bruner og Leontjev og anna snadder. Eg les. Så skal eg skrive mange ord. Men no les eg, og det er tungt stoff. Så tungt at eg må ha pause mellom kvart avsnitt. Hadde pausene vore lange, kunne eg gått på fjellet i kvar og ei av dei. Det er der eg aller helst vil vere i desse dagar, for det er sol. Men det er ofte slik at pausene er kortast.

No er visst denne også over…



Le eller grine…lissom?
januar 18, 2010, 6:12 pm
Lagra i: Uncategorized

Hei, jeg er 15 år eller  noe, og nynorsk er så sykt lame lissom. Jeg syns selv jeg er teit og stygg. Syns du? Slik ser jeg ut. Trutmunnen er helt ekte, og jeg kjøpte denne lekre partytoppen for bare 599. Jeg skal ha den på i kveld når jeg skal feste og flørte med de diggeste og besteste folkene i verden lissom. Jeg har tatt selvbruning, og det ble bare så sykt digg. Jeg er bare megaklar til i kveld. Åh, jeg er så teit! Men jaja, Rihanna er bare så utrolig HOT!

Helsing bloggar eg tilfeldigvis kom over i dag. Hmm. Er det litt synd i slike?



Nytt semester, nye tankar
januar 17, 2010, 4:42 pm
Lagra i: Uncategorized

Ja, då var eg her igjen, gitt.  Den er ikkje det den eingong var, denne bloggen. Men eg glimtar til. 2010 er framleis nokså rykande ferskt, men eg merkar at det kjem til å fyke avgarde, slik som år ofte gjer. Eg er framleis student, men eg studerer ikkje akkurat flittig førebels. Men eg har skifta innstilling til studielivet mitt. Den er ny av året, og går ut på at eg ikkje skal stresse. Eg er fullstendig klar over at eg skal produsere mykje i løpet av rimeleg kort tid, og at det kanskje hadde vore fordelaktig dersom eg dirsponerte tida mi litt annleis. Men slik har eg alltid vore. Eg har aldri dirsponert tida mi frodelaktig, men eg har alltid komt i mål med mine prosjekt. Dersom eg tek meg ein tur i bloggarkivet mitt, er det tydeleg at det hovudsakleg blogging det gjekk i på vidaregåande. No er det Facebook (fy og skam og fysj og nei og nei). Men eg fekk vitenemålet mitt då, og skal klare å fullføre også høgskulereisa eg har starta på.

Bergen by går no lysare tider i møte, og godt er det! Kanskje vert det aktuelt å puste frisk luft på bakkenivå framover. Det er trass alt stort sett der eg held til, sjølv om eg gjerne skulle brukt meir tid på skjønne fjell.

Forrige veke var eg på Løvstakken tre dagar på rad, og der var det ikkje akkurat grå luft. Det var magisk og iskaldt!

Elles kjenner eg meg litt prega av eit visst jordskjelv for tida. Eg kjenner meg makteslaus, og har lyst til å oppmode alle til å avsjå ein slant til hjelpearbeid på Haiti. Studentar, me har meir enn nok! Der fekk eg sagt det.

Takk for no!



God jul og godt nyttår!
desember 31, 2009, 12:04 am
Lagra i: Uncategorized

Det vart 3.sundag i advent og 4.sundag i advent, eg reiste heim og det vart jul. Det går i rangling og god mat, snøver og spel. Eg nyt dagane. Dei siste i 2009. Eg er i ferd med å vinke farvel til nok eit år, og vil ynskje alle det beste i det komande. Mykje har hendt og mykje skal hende. Til lukke med det til meg og alle andre.



2.sundag i advent
desember 6, 2009, 5:05 pm
Lagra i: Uncategorized

Allereie! Den starta fint med smilande egg og sol inn altandøra. Kaldt ute, lunka inne. Julemusikk og levande lys. Den heldt fram med skulearbeid, og eg kjenner meg lei no. Eg skriv om læringerfaringar av forskjellege observasjonsteknikkar og ser bilete av blomsterlause planter, livet i fjøra, sopp, tre og busker og småkryp i ferskvatn og skog. Innspurten er igong. Eg gler meg til han er over. Eg gler meg til 3. søndag i advent. Då er eg ferdig med pedagogikkoppgåve, artsprøve, dei to siste pedagogikkførelsingane i 09, matematikkveiledning, naturfagrapport, og praksisseminar.

Det skal verte uendeleg godt. Det var dagens djupe sukk…



Snegelspytt
november 30, 2009, 8:47 pm
Lagra i: Uncategorized

Det er siste dagen i november. Praksis nærmar seg diverre slutten, og eit par veker med skule er like om hjørnet, før eg med fryd og gaman kan vende snuten mot min skjønne heim. Det er advent, og eg høyrer vakre pianotonar av Iver Kleive og førebur meg til den o store artsprøva eg skal ta om  vel ei veke. Når det er artsprøve må alle studentane (som skal opp, vel å merke) lære seg 118 ulike artar, for så å verte testa i 20 av dei. Kva for nokre 20 det vert vites ikke, så då er det 188 som må puggast. Det er frykteleg travelt, men midt i all frustrasjonen kom eg over noko eg fann særs interessant. Høyr no her:

Alle har nok sett det. Spytteklysene som heng på gras og strå om sommaren, og som for meg alltid har vore snegelspytt. Kanskje er det nokon som kallar det kjærringspytt eller trollspytt, det er visst ikkje uvanleg det heller. Men, når eg just nu, tok føre meg kvar einskild art på artslista mi, kom eg over ei gruppe artar som heiter “spyttsikade”. Dette var eit ukjent ord for meg, og eg ergra meg litt. Eg søkte på Internett, og fekk opp eit bilete av ei plante. Eg ergra meg litt til, for denne artsgruppa stod under SMÅKRYP PÅ LAND, og planter er så vidt eg veit ikkje kvalifiserte for ei sådan plassering i biologiens naturfaglege univers. Eg konkluderte med at eg måtte lese det som stod om biletet. Då viste det seg at det var såkalla snegelspytt  på den planta som var på biletet, og at snegelspytt slettes ikkje er snegelspytt i det heile. Spyttet som så lekkert heng på graset om sommaren er det spyttsikadene som har hengt der, for å vare larvene sine. Dei legg egga sine i denne spytteklysa, og når larvene kjem ut, er spyttet stivt på utsida, og dei kan leve inni der og kose seg med næring frå planta. Det må også nemnast at det er ikkje mange som har sett spyttsikader. Dei kan ikkje lage lyd, og er bittesmå.

Kult dyr!

 

 



Så rart så rart…
november 12, 2009, 6:00 pm
Lagra i: Uncategorized

Eg har tid. God, god tid enkelte dagar. Eg set meg ned ved pulten på romet, og har planar om å gjere noko. Eg har lyst og eg har tid. Eg kan velje fritt. Skrive didaktiske planar over aktivietar som skal gjerast, lese nyttige ting om kvardagen min, byrje å lage dispsisjon over diverse oppgåver som snart skal inn, reflektere over eigne erfaringar, planlegge samlingar, analysere observasjonar, skrive praksisforteljingar…eg kan halde fram i lange tider med oppramsing. Eg har vore klar over alt som skal gjerast heilt sidan eg tok til på FØU i haust. Det er praksisrealtert alt saman. I morgon har eg vore i praksis i fire veker, og eg har ikkje gjort ein døyt.

Eg har lyst. Eg har tid. Men eg får det ikkje til. Eg spør meg sjølv om det er kjekkare å sitje her åleine og sjå i veggen, enn å sitje her åleine og lære noko interessant. Eg svarar nei, men gjer ikkje noko med det.

Det er litt rart.



Praksis og mørketid
november 2, 2009, 7:01 pm
Lagra i: Uncategorized

Eg kan forsikre om at det kjende Bergensveret er attende, no berre med storm som ein bonus.  Mørketida er komen, og dagane mine er prega av bleieskift, tørking av tårer og snørrete naser, og formidling av grunnleggande ferdigheiter som eting og gåing. Eg er i praksis i småttisavdeling, og for dei som har tenkt å seie “åååå, kor koseleg då!”, ikkje gjer det. Det er stressande og veldig utfordrande. Deretter koseleg. Kroppen vert utsett for svært nytt arbeid, noko som har ført til at den ikkje fungerer som den skal. Ryggmargen er ute av drift, og det går utover nattesøvnen. Det er oppgåver som skal gjerast i alle fag, og alle situasjonar skal observerast. Så kan eg seie kva som er koseleg. Det som er koseleg er når ein eittåring somnar i armane mine, eller når han kjem stabbande mot meg så fort han greier, og kastar seg i armane mine. Det er koseleg å ta dei på fanget når dei nettopp har vakna, og det einaste dei vil, er å sitje på fanget. Og så er det koseleg å sitje igjen ved matbordet saman med den siste toringen, og ha lange samtalar om til dømes mjølk.

Resten av energien min bruker er til å glede meg til jul. Det er det som held meg oppe i tunge tider. Eg har funne ut kva for juleplater eg ynskjer meg, og korleis me skal pynte i Hordagaten. Eg veit at min siste dag i praksis er 4.desember, og at min siste dag på Landås er 11.desember, og at den siste oppgåva skal inn 18.desember (evt.aller helst lenge før, dersom eg vert ferdig). Eg gler meg til alt som har med jul å gjere. Hurra, det er berre ein månad til advent.

For ein post! Unnskyld meg.



Tørr asfalt
oktober 10, 2009, 4:36 pm
Lagra i: Uncategorized

Det skjer ikkje ofte. Faktisk har det aldri skjedd før, etter at eg flytta til Bergen. Det er ei fryd for sjela når det skjer, og synet på livet vert med eitt tre hakk lysare. Det har vore opplett så lenge at det ikkje berre er ein tørr flekk på vegen. Nei, heile vegen er tørr. All asfalt er lys grå, og ein kan hå på seg fine haustklede når ein er ute. Hue, skjerf og fin jakke. Og støvlettar. Ikkje støvlar nei, støvlettar.

I tillegg er det tre gruppearbeid som forsvinn ut av verda om to dagar, og ei Siri som forsvinn ut i praksis om ei veke og to dagar. Det vert ikkje beymringsfritt eller avslappande i det heile, men det vert spenning i kvardagen.

Det er rart kva tørr asfalt kan gjere med tilveret.



Kva skal ein gjere?
oktober 7, 2009, 8:29 pm
Lagra i: Uncategorized

Kva skal ein gjere når ein veit at det er minst 10 skulerelaterte aktivitetar som burde vore gjorde, men hjernen berre ikkje vil samarbeide? Kva skal ein gjere når det er kaldt i alle rom utanom stova? Kva skal ein gjere når det faktisk aldri sluttar å regne? Kva skal ein gjere når Sarah Mclachlan syng om jul, og ein veit at før det kan verte jul, må alle dei 10 skulerelaterte aktivitetane gjerast, pluss minst 20 til? Kva skal ein gjere når det ein faktisk får gjort av skulearbeid ikkje strekk til, og må gjerast på nytt? Kva skal ein gjere når det er så lenge sidan ein vaska romet at det er eit heilt dagsarbeid å få det gjort? Kva skal ein gjere når ein rett og slett mistar sosiale behov, og ein ikkje har noko imot å vere inne i eigen sofa kvar dag? Kva skal ein gjere når ein er så emosjonell at X-faktor utløyser både tårer, hikst og snufs? Kva skal ein gjere når ein etter to månader enno ikkje har kome seg etter studiestart-sjokket? Kva skal ein gjere når ein veit at det ein har starta på, kjem til å vare i tre år med stigande intensitet, og ein allereie aller helst berre vil sitje i ein viss heim, ein ein viss lenestol, med ein viss katt på fanget?

Eg berre spør.